Havneløftet

Gruppa vår har tatt utgangspunkt i eit scenario der Hurtigruten vert flytta tilbake til sentrum, og at me i den forbindelsen vil oppgradere havna og skape gode forbindelsar mellom sentrum og sjøkanten. Dette vil me gjere ved å gi havna eit skikkeleg løft.

Tekst og bilder: Gruppe 3. Se navn nederst.

For å lese oppgaven, trykk på forsiden:

Denne oppgåva tek kun føre seg ein liten del av Kirkenes, men prosjektet kan gjerne ekspanderast ved å fortsette å bruke dei same prinsippa for utforming.

Dersom dette forslaget skulle blitt realisert ei gong i framtida, vil det å gjennomføre prosjektet frå planlegging til ferdig bygd, som dei fleste store prosjekt, vere ein lang og kostbar prosess. Det er mogleg å gjennomføre prosjektet i to etappar. Ein kan ta for seg området nord for E6 i fyste etappe, og så området sør for E6 i andre etappe. Det vil vere mykje meir attraktivt å flytte inn i leiligheitene kring Tårnparken dersom promenaden og området nord for E6 står klart.

Denne oppgåva illustrerer konsept og grep som Sør-Varanger kommune kan nytte som inspirasjon og døme for vidare planlegging. Illustrasjonsplan og illustrasjonar viser ikkje nødvendigvis korleis Kirkenes sentrum skal blir i framtida, men korleis det kan bli.

Det er akkurat no at ein ny fase kan begynne: medverknadsfasen, fasen der folk kan sei meininga si om det som til no er produsert, og komme med nye innspel og idear. Difor vil, dersom dette prosjektet no ville bli sett i gong, sluttresultatet sannsynlegvis bli litt annleis enn det me no ser føre oss.


Gruppe 3: Marta Solrun Jonsdottir, Anne Cecilie Sølvberg-Louison, Brita Underdal, Sigurd Været.
Print